søndag 4. oktober 2009

brrrrr

Eg og Nora har vore på kamp på Alfheim. Dei tapa 0-2 for BRANN. Triste greier, TIL var det beste laget. Det som faktisk var verre enn det herre, var at det var svinkaldt. Eg frys fortsatt. Føttene er istappar, hendene stive, beina chilly. Eg har inntatt ein kopp te, men det hjalp ikkje. Trur eg skal krype til køys. Halvor trener så eg er aleine oppe. Hjarand søv søtt.  For første gong ble han småhysterisk da han oppfatta at eg  var på tur ut - uten han. Han kom i racerfart etter meg og klamra seg fast i foten min.  Morshjarta smelta, men eg lika jo og at han er veldig sjøvstendig. Ole Kristian har lært seg å vise hvor stor han er, så no ligg vi i hardtrening for å vere like flinke :P ingen great sucsess yet..

Ellers er eg litt for travel og oppteken for tida. Det er hardt å ha full jobb og 25sp som skal fullføres før jul.
Undrast på kva nyåret vil bringe. Eg har i alle fall funne ut at å rette prøvar ikkje er det artigaste ein lærar gjer!

Vi har funnet oss hus på landet! Så no må moglegdomane/heitane vurderast. Det freistar å bytte ut knøttleiligheta med eit hus med fire soverom, to stuer, naust, vedskjul, bad med badekar, kjøkken med plass til meir enn tre stykk.. Vi får sjå!

Eg er imponert over Marits blogg - og oppfordrar andre av mine lesare (har eg nokon?) til å lage blogg sånn at eg kan følge med på deira blogg og! :)

God kveld fra istappen!

2 kommentarer:

  1. søte marte;-) artig me blogg!
    eg undrar og over om eg har nokon lesare... eg har nu ei ihvertfall, så om ikkje anna så skriv eg for deg!

    SvarSlett
  2. æ har jo å blogg!!!
    www.maritabrox.blogg.no
    =D

    SvarSlett