fredag 5. februar 2010

Helg

Endelig fredag, du må vente te fredan :)

Eg har starta min siste praksisperiode på PPU i dag. Godt å vere i gong, ser endeleg slutten (berre 33 tima igjen, hoi! ) Stemningsrapport. Fiskesuppe i magen, støl i arma,(vett i panna)  barneTV, fyr i ovnen, ein blid Hjarand og folk som vil på visning. Ein god fredag. Og berre gutta er i seng skal vi til våre gode naboer for å drikke god vin.

Planen for resten av helga er kunstutstillingstitting, middagsselskap med gode mennesker (gutta skal passes av tante Nora og liksom-tante Ane :) ) og ut-på-tur på søndag. (retting og forberedelsa orke eg ikkje skrive om...)

Samarbeidet med SOL er gjennoppteken, no er det berre å vente på del to av mestarverket vårt :)

Var med på brudekjoletitting forrige helg. Gler meg til det er min tur til å prøve. Skal vere med på ny rundt neste veke. Er heilt himmelfallen over kor mange nydelege kjola som er der ute. Marita blir ei vakker brud!

Denna oppdateringa kunne nesten vore skreve punktvis. Slik er det nokre gong.


God helg til deg som måtte lese dette. (og er det du mi Marit, så savne eg deg, kva tid skal vi sjåast?)

(og ja, bildekabelen er fortsatt vekk...)

1 kommentar: