mandag 5. april 2010

Er virkelig påska over?


Eg har brukt siste dag av ferien på å skrive ein norskartikkel. Fire att før eg er ferdig norsk-studert! Og då er eg ferdig, men kjem eg nokon gong til å få bruk for desse studiepoenga? Tvila. Nei, då skal eg leggja litt meir innsats i religionskurset eg tar. Det er mykje meir interessant og matnyttig. (Særleg i diskusjonar med svigermor..heh)

Me har hatt ei fin påske, alle mann alle, men det er jammen godt kidsa har mødre me kan senda dei heim til.

Punktvis oppsummering av ferien:
- ingen historieretting
- masse frisk luft ute
- ein skitur med Hjar i pulk
- Harstadtur
- Bardutur
-fjæratur
- ingen pølsegrilling (er det mulig?) (En pølsegrilling ropes det: palmesøndagsgrilling i påskens kuleste snøborg, korleis kunne eg gløyme det??)
- høy kvikklunsjfaktor
- raudvinsdrikking (whisky er ikkje godt)
-ingen påskekrim, men mange påskenøtter og quiz

Og det skal eg gjere noko med no! Frem med krimboka, opp i sofakroken. Lade opp til ei ny arbeidsveke, og finne motivasjon til å hamre laus på rettinga.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar