søndag 3. januar 2010

søndags mårra-blues


Alle gutta ligg å søv. Halvorsen i senga, Hjarand på verandaen, Jonas forran ovnen og Igor på Christians hvite rom. For det er ikkje gult meir. Eg mala det i går, for megleren vår seie at eit gult rom i ei ellers kvit leilighet er litt rart. Haha, men rommet blir berre mala ein gong, så eigentleg har eg berre grunna.. Dei nye eigarane får ta neste strøk!

(No skal eg i grunn starte med litt førebuing til undervisning i morgen. Akk, ferien skulle vara mykje lengre.)

No sit eg med min nye vakre telefon som eg ikkje heilt har fått taket på enno. Prøve å laste ned musikk, masse Bob Dylan! Om det er ein mann eg har lyst å møte så er det han. Alle dei rare tankene han må ha i hovudet. Eg blir matt! :)

Ute er det mykje fin nysnø. Trur eg skal ta med Hjarand på akebrett når han står opp. Kanskje frøken nabo vil vere med? :) 

Skal sjå om eg finn ut av bildeoverlastingsopplegget på telefonen, så kjem det oftare bilda på bloggen min.

Sålenge fra tjukka som skal starte seriøs trening i MÅRRA! :D

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar