mandag 24. august 2009

Eg har så mykje eg kunne ha skreve om i dag.

- Marit og Steffen gifta seg på lørdag. Koselig, meir om det seinare.
- Hjarand i barnehagen.
- Svinforkjølelsen vår :P
- At eg har lært at Marte egentleg bere er østlandsvarianten av Marit, som igjen kjem av Magrit (Margareta.)
- Eg skal på kino med slekta i kveld.

Eg har starta på eit kurs i læringssenter og bibliotekspedagogikk. Det går over fire samligar. Virka som lett-tjente studiepoeng, men nett no trur eg at ein drop-out fristar meir! Noko så kjedeleg! Det var kun intr når forelesaren snakka om ped, og det får eg jo nok av på ppu. Men eg er jo ikkje ein slik som droppar ut i tide og utide. Så no er det kanskje på tide? Eg gjer studiet ein sjans til i morgen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar